lørdag 29. oktober 2011

Ei lita oppdatering om Miko

Aro og Miko


Eg har tatt ei pause fra utstillingslivet og fokusert meir på lydigheit og spor. Går bronsemerke/kl.1- kurs med Miko no og synst han gjer d veldig bra - så lenge der er ei belønning å få ;) håper eg greier å motivere han sopass at vi greier bronsemerke denne gongen - da blir d i såfall kl.1 lydigheit på Ørsta og Volda Hundeklubb sitt stemne i sept. 2012 ;) Store planer ja! veit ikkje om eg har nærver til å debutere nokon annan plass først ;p

Vi er i allefall ein fin gjeng med ulike raser som trener lydigheit kvar mandag og synst det er artig med kurs. På torsdag tok vi oss ein skogstur, eg og Miko, ei venninde av meg og hunden hennar Aro. Miko og Aro er gode kompiser og dei hærja godt og lenge. Fekk trent litt fri v/foten og fellessitt - før dei tok laust att og hærja litt til :)

Har også trent mykje på tannvisning med mange forskjellige folk, og ser ut til at Miko synest dette begynner å bli greit igjen. I allefall når han sitter på plass, har ikkje testa det ut i utstillingsstå enda.



kamots fann hjorten

Har benytta meg av fine haustdagar - ja, har vore litt opphold innimellom - til å legge litt spor til guttaboyz. Kamots husker "gamle" kunster og går spora ganske bra, vi har trent lite på dette siste 2 åra men han husker det fortsatt. Miko gjekk første sporet ganske bra - var berre eit par meter, men andre sporet var det litt værre med, då var det andre lukter som var kjekkare. han var heller ikkje særlig intr. i hjortefoten, så han fekk leike seg litt med den i hagen etterpå. Og den skulle han ha for seg sjølv ja!!


Miko veldig stolt av bytte sitt


Eg har ikkje fått røntga Miko enda, men har sjekka patella og augene og alt var berre bra der. Eg håper å få røntga han i år på klinikken eg jobber på - må berre få lagt inn meir straum til røntgenmaskina - om det ikkje skjer snart så tek eg turen til Ålesund og får gjort det der. Er jo veldig spent på resultate der da! men ser ut til at dei fleste i kullet har fine hofter og albuer :) Og så ei lita gledesmelding!! Miko mangler ein del tenner, men såg her ein dag at p1 nede på begge sider begynner å kome!! :) Håper berre dei kjem heilt opp :D Og så har eg eit aldri så lite håp ang. dei andre tennen han mangler - er lov å håpe!! Men dette skal eg sjekke grundig når han er dopa ned og klar til røntgen ;p