tirsdag 24. august 2010

Miko - ein trygg kvalp

Hei :)



Miko har takla flyttinga med stor ro, ingen piping og sutring på han i det heile tatt. Var veldig spent på den første natta hans her, men han er ein sånn eksemplarisk kvalp, at det gjekk heilt fint :) bittelittegrande syting første tida i buret - heilt til han fann tyggebeinet - så han låg å kosa seg med det ei stund før han sovna. Eg vakna rundt 6-tida (må på do eg også må vite), så da slapp eg han ut så han fekk gjere fra seg. Gjekk og la meg igjen, og Miko tusla inn i buret sitt og sov til kl. var rundt 9, med opa dør :)

Miko er ein veldig trygg kvalp, eg kan gå fra han i nokre minutter uten at han bryr seg, han går berre og legger seg :) Og så har han oppdaga kattane!! Da er han tøff da :) Så dei held seg stort sett i andre etasje for tida...Miko går heldigvis ikkje i trapper enda;)

I dag skal vi prøve oss på litt båndtrening, vi skal klippe litt klør og stå på stellebordet. Og så ein liten biltur kanskje;)

ps. Miko har god matlyst og har berre tissa inne 1 gong!! :D

-Hege-


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar