onsdag 20. oktober 2010

winterwonderland...???

Så kom den første snøven, og alltid like artig å sjå reaksjonen på hundane. Det begynte å snø i går kveld når eg var ute og gjekk tur med Kamots. Kamots gapte opp og skulle fange snøfnugga som kom dalandes ned;) Miko var litt forsiktig i dag tidleg når eg hadde dei ut i hagen. Låg eit kvitt teppe over heile marka, men når han såg kor artig Kamots hadde det, så var han ikkje sein og be! Dei har tulla ein del ute i hagen i dag, tenk at snø kan vere så kjekt. Eg derimot, greier meg fint uten!;p
Har meldt Miko på utstillinga som skal vere i Orkdal i november, så no trener vi på stå og gå fint og tannvisning. Tenkte å trene litt med faren min som "dommer", så kan han ta og kjenne på han. Miko liker ikkje pappa så godt, så blir god trening for dei begge. Satser på å trene litt sammen med hundeklubben også:)


Elles så trener vi på det samme som vi har gjort før, og ser framgang spesielt med kattane at dei skal vere i fred. Han kan ligge heilt i ro når dei går forbi han og eg treng berre korrigere han littegrande om han skulle finne på å springe etter dei. Han lærer fort og det er veldig kjekt:)
Vi held også på med heime-aleine - trening. I bilen går det kjempefint og på jobb også, når han sitter på bakrommet. Heime hyler han ein del når eg går ut døra, men ikkje fullt så gale som i starten, så det går seg nok til etterkvart;) I allefall greit å trene på det når Kamots skal ha sine daglege turar, så får han vere heilt heime aleine.

Anita og Jan Ivar: håper det går bra med Emmie på kvalpekurset:) Tenker ho er like lettlært som Miko;)
Kjekt å lese i bloggen til Helene om Delia, trur eg får den med meg kvar dag;)
Så er eg spent på å høre fra Dexter og Donat no:)
Artig å følge med på søskena til Miko:)




1 kommentar:

  1. Snø var ein sikker vinnar her også, i alle fall når ho forstod at det ikkje var farleg. :) Gledar meg til vi skal til Orkdal i lag, det blir sikkert kjempekjekt! :)
    Var hyggeleg å høyre at du les bloggen min. Eg er desverre veldig dårleg på å halde dykk oppdatert her inne på D-bloggen, blir liksom berre til at eg oppdaterer min eigen i staden. Beklager det.. :)

    SvarSlett