tirsdag 18. januar 2011

Trening og sånt :)







Starter med noken spørsmål til Beathe:



Eg synest ikkje Miko "reagerer" når eg bruker klikker...han bryr seg liksom ikkje om lyden. Er trening med klikker fortsatt effektivt - forstår han det? Eller skal eg heller bruke stemma mi, som får heile hunden til å lyse opp og logre kjekt med halen?

Kamot blir superhappy når han hører klikkelyden og trener villig, men har ikkje samme effekt på Miko...

Elles er Miko fortsatt en drøm og trene med. Han har lært seg dekk og på plass på veldig kort tid, sjølv om på-plass ikkje alltid vare så lenge da - fort gjort å gløyme;p Men han forstår det - og det etter berre få repetisjonar:) Han er også veldig flink å gå i band, ikkje så mykje draging på han, men mindre han ser noke spennandes;)

No for tida helder vi på å lære inn stå på komando. Satser på vi får det i boks til utstillinga i februar;) Ståen kan vere litt vrien når han har lært sitt og dekk, for det er det han tilbyr, men er snar å rose og gi go'bit når han er i stå.



På jobb i dag kom det inn ei nydelig eurasiertispe som Miko fekk helse på. Begge var usikre i starten, Miko røyste bust og tispa flekka tenner, men etter eit par min. so var begge nede i leikestilling, hadde brytekamp og beit kvarandre i føta;) Hærlig å sjå:)

Ang. nyttårsaftan så gjekk det kjempefint. Kamots låg rett ut på sofan og sov tungt - slik han har gjort kvart nyttår;) Eit flott forbilde for Miko! Miko låg på golvet og kika litt rundt seg når det small som verst, men virka ikkje stressa eller redd. Han har heller ikkje reagert i ettertid når folk har sendt opp raketter.



No gleder vi oss til snøven er vekke, for da skal vi begynne å gå blodspor:) Lurer også på å trene han i vanleg spor, for eg ser han følger spora mine når eg har vore ute i hagen uten han. Han har ei fantastisk nase, det er iallefall sikkert;)

Elles så ser eg at Emmie har blitt stor! Nesten like tung som Miko jo!! Han er vel 24-25 no tipper eg. Ser dei har samme fasong også:)



4 kommentarer:

  1. Litt komisk, men Delia reagerer ikkje så ofte på klikkerlyden ho heller. Kan dei vere i slekt tru? :) Veit ho høyrer den, men bryr seg ikkje så mykje. Går ofte nesten 1 minutt før ho plutselig kjem på at eg har klikka, og då vil ho ha godbit.. Dette er selvfølgelig ved båndtrening og tur. Om vi trenar på noko heime så reagerer ho fortare..

    SvarSlett
  2. Hyggelig å høre hvordan det går med dere.
    Emmie reagerte heller ikke på rakettene nyttårsaften så det gikk veldig bra. Cita, tolleren vi hadde tidligere var veldig urolig og redd når det smalt rundt omkring, men hun var også rolig de første årene så vi får håpe det varer med Emmie.

    SvarSlett
  3. Du bør nok finne hardare skyts som belønning. Han gidder ikkje reagere på klikket om det ikkje betyr julaften. Som Helene erfarte idag da vi gjekk tur var at delia reagerte på klikket da ho fikk brunost istaden for frolic. Men blei lei etter ei stund da vi trente veldig lenge. Eurasier er sjeldant ein hund som du kan trene i timesvis med ;)

    Bruk gjerne leike om han lika det, bruk det som han lika aller best. Du kan også gradere til kor du trenar, om det er heime eller på hundetreninga.

    Miko er i puberteten no, så at han er litt tunghørt vil nok vare ei stund ;)
    Ang stemmen så kan du klikke, for så belønne med stemme og godbit/leike.

    Du må huske at klikkertrening ikkje er avhengig av sjølve klikkeren. Klikkeren er eit hjelpemiddel for å kunne markere presist på rett atferd. I bunn ligg det at hunden skal utføre atferdene frivillig og få positiv tilbakemelding på atferden. Om ein bruker klikker, fløyte, stemmen har ingen betydning, men klikker kan vere meir presist enn stemmen i dei aller fleste tilfelle.
    Kommandoen legg du på når hunden har fin flyt på atferden, slik får du 100% vanntett kommando, ein sitt betyr sitt og ikkje "sitt når eg vil sitte, ikkje når du ber meg om det".

    SvarSlett
  4. Miko er fryktelig matgla da -alt er julaftan for han- så kan i grunnen trene med tørrfôr med han faktisk;) Når vi er ute og trener så bruker eg noke som han liker veldig godt da, og han kan holde kontakta ganske lenge.

    Har ikkje merka så fryktelig mykje til puberteten hans enda, men det kjem nok;p

    SvarSlett