søndag 5. september 2010

Fjelltur, sol og bading

Hei:)

I dag har det våre strålandes sommarvêr her på sunnmøre, så vi tok turen til Skorgedalen. Lett og grei tur, og Miko fekk gå sjølv innimellom. Vi var to som bytta på å bere klumpen på 9 kg (veide han i går) og synst han virka rolegare no, enn forrige fjelltur. Da sprella han og kava og ville ned heile tida. Når vi kom opp i dalen fekk hundane springe lause, bade og kose seg. Miko synst det var litt skummelt i elva først, men Kamots fekk lokka han uti etter kvartMiko sov forresten til kl.9 i dag, uten å tisse inne!!!!:) Har han ikkje i bur om natta lenger, da eg måtte flytte buret ned på stova, så Kamots får fred innimellom;)

No har vi hatt nokre dagar med fint vêr, og det er deilig å sitte ute sammen med hundane. Og som eigeren til Emmie skriv, så blir det mindre uhell inne;)

I går var vi og sosialiserte oss på stevne til den lokale hundeklubben. Miko er virkelig flink og trygg med framande folk og han er spesielt glad i barn. Ein stor fordel å velge oppdretter som har små barn i heimen ja:) Og så tøffer han seg litt mot andre hunder...vil gjerne bort, men torer ikkje heilt...til dei snur ryggen til, DA kan han snuse på;) Så her må vi jobbe litt til, men heilt normalt da, at ein liten kvalp er litt usikker. Skulle berre mangle. I morga er det igjen kvalpekurs, så tenkte å høre med dei andre på gruppa om dei kunne tenke seg å sleppe kvalpane sammen etter vi er ferdige å trene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar