torsdag 26. august 2010

Møte med kompisane til Kamots


Kamots har to leikekompiser som Miko fekk møte i dag, en dvergpincher på 1 år og en kastrert blanding på 3 år. Pincheren var litt pågåande i starten, men tok ikkje mange minutta før Miko hadde funne seg ein leikekompis på sin størrelse :) han storkosa seg og var kjempetøff! Dei sprang og herja ganske lenge, og hadde tydelig funne tonen.



Eg føler Miko er ein såpass trygg kvalp, så eg har valgt å ta han med på ulike ting, møte nye folk og dyr, i moderate mengder sjølvsagt. Han takler det kjempebra! Så passer eg på at han får nok søvn, men det er ingen problem, han søv så tungt når han først har sovna :) Skal mykje til for at han vakner med det første da;)

Var ein tru innom jobb i dag også. Så snart ferien min er over, så kjem han til å tilbringe mykje tid der, så like greit å venne han til plassen med det samme :) Burtreninga går betre og betre. Ikkje så mykje syting i bilen lenger og i går kveld når eg la han i bure, så sa han knapt et pip. Men han var veeeldig trøtt da, så han orka vel ikkje å kave så mykje;)
Kjekt å lese at Delia også er flink å gå i band. Miko er veldig oppmerksom på kor eg går og følger villig etter. Bryr seg ikkje om store biler som kjører forbi...men veldig nysgjerrig på folk:)
-Hege-


2 kommentarer:

  1. Høres ut som han er en trygg og sosial gutt. Det liker vi :D Forsett i samme gode sporet, så blir det en knallgutt :D Er spendt på hvordan den sorte maska vil utarte seg.. om det blir mer eller mindre. Syns han er blitt mørkere allerede?

    SvarSlett
  2. Eg også er spent på maska hans...vi får berre vente og sjå korleis den blir til slutt :) Neste veke begynner vi på kvalpekurs, det blir spennandes!

    SvarSlett