søndag 29. august 2010

Pelsstell og kloklipp



I dag skal vi ta det roligt og berre kose oss heime. Har bada Miko i dag, det var IKKJE kjekt!! Skulle tru han holdt på å bli drept inne i dusjen...hylte og skapte seg heilt galen. Men han fekk ikkje kome ut før han hadde roa seg heilt ned. Etter på var han så fornærma på meg! Men eit par timar seinare gjekk han faktisk frivillig inn i dusjen igjen da, for å slurpe i seg litt vatn...endte med at eg måtte bere han ut igjen ;)


Han vil heller ikkje gå ut når det regner...men plaske i søledammer det er kjekt det!

Har også klipt litt klør i dag, det er han stort sett flink til, men ikkje alltid så kjekt å sitte stille på fanget;) Setter han på fanget flerie gonger for dag og berre tar på potane hans, setter han ned att når han er heilt roleg.


Dotrening synst eg går veldig bra, vi har vel kanskje 1-2 uhell kvar dag. Miko er stort sett flink til å gi beskjed. Eg tar han ut så snart han går mot ei dør...spelar ingen rolle kas dør han går mot;)

Kjekt å sjå at Alfred og Dexter har funne veien til bloggen:) artig å sjå dei igjen.

Ørene til Miko heng enda, men blir artig å sjå om dei plutselig står opp ein dag;) Han har blitt veldig sjølvstendig ute i hagen, så eg bruker å gjemme meg bak ei busk eller eg går inn i huset att når han ikkje kjem når eg roper på han, men det tar ei stund før han oppdager at han er der heilt aleine.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar